Tilgjengelige kurs

Kjemiske modellar - Å vise det usynlege
Naturfag 9

Kjemi er studiet av kva for stoff finst og korleis dei reagerer saman.

Vi kan bruke sansane til å merke om eit stoff er hardt eller mjukt. Vi kan også sjå fargen, lukte og smake på det. Vi kan finne ut om eit stoff fører straum, om det flyt eller fell til botnen i vatn, og om det endrar seg når det kjem i kontakt med andre stoff.

Kva for eigenskapar eit stoff har, avheng av kva slags atom det er laga av og korleis desse atoma er sette saman.